mandag 12. august 2013

Bohuslän i mitt hjärta


Med litt salt, hav og vind bles eg no litt liv i bloggen igjen...



Det var så ufatteleg vakkert i Bohuslän i år...



..akkurat like flott som i fjor. 
Eg visste nesten ikkje kva retning eg skulle vende linsa..



Dessuten var det så varmt at eg hadde nok med å ete is...



...og då kunne eg ikkje fotografere like iherdig samtidig. Men som de ser...
det var mykje hav, båtar og blå himmel... Meir hadde vi i grunnen ikkje bruk for..

Sommarklem frå Jannicke


torsdag 16. juni 2011

Veggord på salg...


Disse nydelige veggordene fra Happylines krydrer rommet, 
det være seg i gangen, på kjøkkenet eller kanskje over senga..


Toalettikonet fikk plass på vår baderomsdør, ganske stilig... 
og langt mer morsomt enn en hvit slett dør...


Always, over senga er jo ganske romantisk :)


Heldige er de som har slik en vakker trapp å dekorere..
Flere fine veggord finner du i nettbutikken min
 www.frydbutikken.no

Ønsker deg en riktig god torsdag!
Nå skal jeg straks legge avgårde 
og kjøre 60 mil fra øst til vest i dette fagre, men oversvømte landet... 
Tror det må bli Hallingdalen idag!

Hilsen 
Jannicke

torsdag 2. juni 2011

Sirkuset kommer til byen!

Denne helga skjer det...

FRYD havnar plutseleg midt i begivenhetenes sentrum!! Motorfestivalen med nypolerte panser og blankpussa krom, rånetime og vårleg eksosteppe inntar Stryn.

Blomstrete koppar står tolmodige og ventar på damer som har blitt forsynt på bilar...


Nye fine butikkdisken er klar, men skiltet må nok korrigerast litt... Bakervarer frå Lom er bestilt og heimelaga iskrem frå Vågå på plass. Då er det berre å varme opp kaffimaskina...


Får berre håpe at sola kikar fram bak skyene, damene kikar inn på Fryd og så får vi kike litt ut på livet innimellom...
Velkomne til Stryn!
Jannicke

søndag 6. februar 2011

Molly from Sweden and Moods of Norway


Det måtte skje før eller siden, og nå er det et faktum. 
Odd Molly har trosset snøstormer, slapseføre, ras og elendighet 
og kommet over Strynefjellet til fagre STRYN.

 Så derfor er FRYD nå full av vårfarger! 
I går åpnet vi dørene igjen etter en kald og lukket januarmåned.
Det må sies at det ikke akkurat var overveldende vårlig i luften 
i Stryn denne lørdagen, 
men gradestokken INNE 
passerte i hvert fall minst 15 varme grader etter hvert. 
Det er garantert ny rekord i vinter!!

Denne nydelige modellen her ble min første favoritt, inntil jeg åpnet eske nummer to!
Nå henger det både lyseblå, himmelblå, mørkeblå, lilla, militærgrønne 
og hvite kjoler og tunikaer der det er plass 
innimellom alt vårnytt fra Ti-Mo og Cream. 
Masse nydelig, mykt og passelig varmt med noe under eller utenpå eller begge deler. 
Nå kommer ganske snart solen til og titte frem mellom fjelltoppene også..., og da blir i alle fall jeg i Mood of Molly. 

God søndag til alle med og uten velurdilla!!

klem fra 
Jannicke

torsdag 6. januar 2011

Ooops, nytt år allereie!!

Då var første julesesongen hjå FRYD tilbakelagt.
Det vart skikkeleg julehusi det gamle gule trehuset. Det var nissar med og utan lommer,
mus i fyrstikkesker, tøygriser i boksar,
hjerter med og utan prikkar, krus og kanlebollar, kanner og kakeboksar....
Koseleg og veeeldig KALDT!


Lurer på korleis dei heldt varmen for hundre år sidan,
det var vel vinter i Stryn den gongen også...?
Enkle glasruter, trekkfull dør og golvkaldt til tusen...
Kanskje dei hadde ovn,
som ho Olina fylte med ved frå eigen skog,
eller hadde dei rett og slett tre lag med ull
under vadmelsdressen, kamferolje (dersom det er noko som heiter det)
og nystrikka selbuvottar?
I pausen drakk dei sikkert varm saft og nysteikte smultringar,
DET var tider det!!


Enkelte dagar hadde eg sju grader inne og
kaffien vart kald på under 20 sekund,
men julestemning varmar litt det også, på sitt vis!
No er desember over, og då startar eg sjølvsagt det nye året
med nye nyttårsløfter.
I tillegg til å vere ørlite grann meir tolmodig
og organsiert,
skal eg finne fram fotoapparatet igjen.
Dermed vert det kanskje litt meir blogging om FRYD,
fred og fine freistingar
(les: fristelser, på sidemål)


Dermed ønskjer eg deg som eventuelt har funne tilbake hit,
eit Riktig Godt Nytt År!!!
Jannicke

søndag 27. juni 2010

Summertime...



No er det verkjeleg sommar...
og dei verdsberømte bakarvarene frå Lom har fått føter å gå på...


Kaninene har fått på badedraktene, og forskriftsmessig ikledd seg armringar....



Medan andre nyt kveldssola på sommarbenken....



Dagane er lyse, lange og livlege! No er det full fres frå morgon til kveld,
og i dag har vore siste frisøndagen denne sommaren...
I går hadde eg koseleg besøk av LisjeAstrid, meir om det kan du lese her..
God sommar!
klem frå Jannicke

torsdag 3. juni 2010

Fram med kniven!!


Jippi!?? Det er kjekt med nye varer, men kjære vene...
Lurer på om eg skal skifte beite.., knappebutikk neste...?
Er ikkje mykje tid igjen til blogging som de ser...

tirsdag 4. mai 2010

Klar til ny runde

Jippi! I gang igjen..., kjekt å ha fri og kjekt å arbeide.
Var morosamt å kome til Stryn i nydeleg solskin i dag, hadde dessverre gløymd apparatet heime, men i morgon skal hus, himmel og stilas knipsast. Gutane låg oppunder mønet og måla, medan dei fortalde kvarandre historier om alle dei som hadde ramla ned...,
skikkeleg oppmuntrande sikkert...

Boksar, skattekister, puter og korger...alt stod der det sist var sett..,
så då var det på tide å ommøblere litt...


Dette er ein plagsom vane eg har. Mannen tykkjer ting står bra der dei er..
Men no er det ingen som bryr seg..., og dessutan er det kjempelurt med tanke på hybelkaninene. Dei får sjansen til å kome fram og lufte seg litt.

Det vert kjekt med nye varer som kjem inn i tida framover, smykkene frå Baglady og vårjakkene frå Oleana kom på plass allereie måndag.. Og i morgon skal eg feste mange nye bileter til filmen.... og kanskje ommøblere endå litt til...
Ha ein finfin kveld
Jannicke

søndag 2. mai 2010

Snart

Gler meg til å låse opp døra til butikken min igjen, snart...
...veldig snart, må berre sove litt først....



Der ventar det nokre kasser med nye varer..., litt støv,
nokre lag med malingsflass på trappa og eit
STOOORT stilas!!
Kanskje sola skin i morgon og, då kjem det måling på veggen, stilaset må ned og døra går opp!!
Gler meg...

tirsdag 27. april 2010

Sol i Vest er aller best!

No treng vi sol Vestafjells, ellers vil FRYD vere innramma av stillas fram til solsnu!!

Desse vårlege solskinnsbileta vart knipsa i fjor vår, og snart snart snart kan vi skode utover fjordar og oppover fjell bada i varm vårsol...

Håpar at eg klarer å mane fram nokre solstrålar no. Om ikkje anna fekk eg minna deg og meg på kor usannsynelg flott det er vest om vannskillet, som dei seier på vermeldinga... eller kanskje det var i gamledagar dei sa det...
Ingrid tykte forresten eg var veldig full av rynker på kryss og tvers no, så då er det vel naturleg at ein del ting plutseleg tilhøyrer gamledagar :)
No skal rynkene mine få ei passeleg kort natt å få strekke seg ut på,
så er dei klare til ny bruk i morgon..
Jannicke

torsdag 22. april 2010

Sommerspring


Tenk, om berre nokre veker kan vi springe berrføtt i graset, kanskje... kvile litt når ein plutseleg blir trøytt :-)Vi kan finne fram sommarkjolane frå i fjor og invitere gode venner på utelunsj.

Vi kan jukse litt og legge kjøpte bær på sommarfat ..



...og le ilag med gode venner medan krøllane flagrar i sommarlufta..



Vi kan sjå på sommarbilete frå somrane som er gått..

...og hente fram lukta av sjø og sommar...


... sjøstjerner, steinar og skjell i fjæra..



... og følelsen av småstein mellom tærne...
Åhhhh, det kjekkaste er å glede seg!
Ha ein finfin dag i sola :)

onsdag 14. april 2010

Blid og glad av BLAFRE

Åhhh, det er så fine fargar på dei fine papira, korta, boksane, bileta og flaskene dei lagar. Er så vanskeleg å velge bort noko, har lyst på ALT!!Her har BLAFRE fått selskap av andre fargerike produkt. Blir kanskje nok for nokon, men eg synest det er kjempeflott!!

Og til sommaren kjem BLAFRE med termosar, så då vert det strandtur med kald saft i korga. Blir glad av å tenkje på det også.. Tenk om berre nokre veker står vi her kanskje med sandalar og strandteppe.. FANTASTISK! Må hugse å kjøpe solkrem...kanskje den også kjem med retromønster snart :) God soldag!!


mandag 12. april 2010

Vår i Moseldalen

Etter ein lang og hektisk periode med planlegging og oppstart av butikken, gleda vi oss veldig til å vere mykje ilag og nyte nokre rolege feriedagar berre oss fire. Målet for reisa vart blinka ut før jul, og betre tidspunkt enn veka etter påske kunne vi ikkje ha funne. Lite visste vi om at eg skulle starte butikk til påske, og at den deretter skulle stengast nokre veker pga skraping og måling av huset. Litt flaks skal ein ha!

Vi tok fly til Düsseldorf, budde eit par netter midt i sentrum (med trikkeskinnearbeid på nattskift i gata under oss), handla ikkje i ei av europas mest berømte handlegater, men åt oss opp på kraftig tysk mat, Apfelstrodel og Bayer. Restauranten ..eit eller anna.. som mannen i huset hadde besøkt ved eit tidlegare høve var utruleg koseleg, og gammal (låg i Altstadt). Mannen vart heldigvis ikkje gjenkjent, men hadde vi hatt med dei fire dårlege kameratane hans, så spørst det... Ungane forstod i alle fall fort at Tyskland var eit skikkeleg kult land! Alle servitørar, resepsjonistar, butikkansatte og dei fleste andre, hadde gotteri på lur... SKIKKELEG LURT!!! Ferien måtte bli ein suksess!

Når vi kom ut av storbyen og fekk litt natur rundt oss, viste det seg at her var det både blomster og grøne tre. Ingrid storkosa seg med å plukke sin første bukett av kvitveis.


Moseldalen, må opplevast i fint ver, og det klarte vi! Laurdag var det strålande sol, og ungane jubla når taket forsvant ned i bagsjerommet. Ikkje rart dei ville ha med bilen heim... Og dei ville ikkje berre leike med tanken, dei ville kjøpe den med ein gong, JETZT, immer, heute!! Ein A5 kabriolet er ikkje heilt gratis i dette avgiftshelvetet av eit utland med mykje flott natur, men det er den på andre sida ikkje i Tyskland heller, berre nesten! Ungane forstod etterkvart at vi måtte selge meir enn dei to bilane vi har heime for å kunne ta med gliset nach Norwegen... Etter mange runder med gode og mindre gode forslag om lausøyre som kunne vekslast inn i cash, trippa Jo så blid og lur rundt bordet og kviskra inn i øyret til pappa "nå vet jeg det; vi kan selge butikken til mamma!!!"

Ungane var som føll, første dag på jordet ein vakker vårdag. Dei hoppa og spratt, og ingen sakna dei tunge støvlane og regndressane som hang grå og våte i barnehagen.

Heile Moseldalen er full i borger, og Burg Eltz er vel ei av dei største og flottaste. Om eg ikkje hugsar feil, så har den vore i famileien i 23 generasjonar. Ingrid lurte på om dei var heilt vanlege folk, slik som oss. I så fall, så kunne no vi i grunnen eige i slik borg òg...., man mammaen til Ingrid tykte det vart litt mykje å rydde og vaske... Så då vart det igrunnen med tanken. Bratwurst og øl er det overalt i Tyskland, omlag på same måten som vi får tak i vafler og kakao på alle fjellstover og andre utfluktsstader her heime. Berre i denne borga trur eg vi hadde tre plassar å velge på.

Vi tilbrakte to netter på eit kjempetriveleg hotell like nord for Bernkastel Kues, eller korleis det no vert skrive. Her ser vi ned på elva Mosel og dalsidene som er fullstendig dekte av drueplantar. Resultatet av desse vindruene, testa eg ved fleire anledningar, både i sola og innandørs med god mat til kvelden... og eg klarte ikkje å finne noko gale med den :) Eg testa tørre, halvtørre og søte... til ost, kjøtt, fisk, brød og dessert. Kvitvin frå Moseldalen passar til ALT! Dei anbefalte faktisk til Lammekjøtet òg, men då tok eg sjansen på eit glas med raud drikke!!

fredag 2. april 2010

PÅSKEkos

I dag har vi vore ute i hagen og funne egga som påskeharen hadde gøymt. Detektivane var raske til å lokalisere dei, men det vart stor rift om det rosa egget...
Til slutt var dei to gamle, og etter dagens standard, små egga fordelt etter tradisjonelle antikjønnsnøytrale kriterier. Dei har fulgt med oss sidan 70-talet, men har hatt nokre års pause i skapet. No kunne fortæringa starte, og den vil nok fortsette nokre dagar, dersom mormor fyller på med jamne mellomrom :-)


Då er denne dagen over, og i morgon er det butikkdag igjen. Det vert kjekt!
Klem frå Jannicke