Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg

torsdag 22. april 2010

Sommerspring


Tenk, om berre nokre veker kan vi springe berrføtt i graset, kanskje... kvile litt når ein plutseleg blir trøytt :-)Vi kan finne fram sommarkjolane frå i fjor og invitere gode venner på utelunsj.

Vi kan jukse litt og legge kjøpte bær på sommarfat ..



...og le ilag med gode venner medan krøllane flagrar i sommarlufta..



Vi kan sjå på sommarbilete frå somrane som er gått..

...og hente fram lukta av sjø og sommar...


... sjøstjerner, steinar og skjell i fjæra..



... og følelsen av småstein mellom tærne...
Åhhhh, det kjekkaste er å glede seg!
Ha ein finfin dag i sola :)