No treng vi sol Vestafjells, ellers vil FRYD vere innramma av stillas fram til solsnu!!
Desse vårlege solskinnsbileta vart knipsa i fjor vår, og snart snart snart kan vi skode utover fjordar og oppover fjell bada i varm vårsol...
Håpar at eg klarer å mane fram nokre solstrålar no. Om ikkje anna fekk eg minna deg og meg på kor usannsynelg flott det er vest om vannskillet, som dei seier på vermeldinga... eller kanskje det var i gamledagar dei sa det...
Ingrid tykte forresten eg var veldig full av rynker på kryss og tvers no, så då er det vel naturleg at ein del ting plutseleg tilhøyrer gamledagar :)
No skal rynkene mine få ei passeleg kort natt å få strekke seg ut på,
så er dei klare til ny bruk i morgon..
Jannicke