Dette har vore ei hektisk og morosam veke. No byrjar butikken å ta form, og dei som har svinsa innom fleire gonger legg merke til at det har kjeme mykje nytt innanfor dørene. Eg har pakka ut palle på palle med varer, og papphaugane har vokse seg høge som tårn.
Frå Ib Laursen i Danmark har eg fått tilsendt mykje kjekt i lyse fargar,
skåler og mugger i pastell, kvite hyller, krakkar og lykter. Frå Jabadabado i Sverige har det kjeme både fargerike småleiker, spel og balansesyklar. I tillegg har kassa med Roberts radio endeleg kjeme til Stryn. Desse får de sjå meir til etterkvart :)