søndag 14. februar 2010

Vase på Valentine





Damene i Wik & Walsøe har verdas nydelegaste vasar, lyslykter og krus. Favorittane mine er dei med Alvar, deretter Hjorten. Skulle gjerne hatt ein eller fleire av dei store vasane med alvar på til alle blomebukettane eg har fått i dag, hehe ;) Men eg fekk faktisk nokre fine blomster på fredag, men det trur eg var meir for å muntre opp ei sur konemor. Veslebror kom opp trappa med buketten på ryggen og sa, "nå er du glad mamma!" Og det vart eg sjølvsagt på sekundet, i alle fall i Vesle Jo-guten min..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar