torsdag 6. januar 2011

Ooops, nytt år allereie!!

Då var første julesesongen hjå FRYD tilbakelagt.
Det vart skikkeleg julehusi det gamle gule trehuset. Det var nissar med og utan lommer,
mus i fyrstikkesker, tøygriser i boksar,
hjerter med og utan prikkar, krus og kanlebollar, kanner og kakeboksar....
Koseleg og veeeldig KALDT!


Lurer på korleis dei heldt varmen for hundre år sidan,
det var vel vinter i Stryn den gongen også...?
Enkle glasruter, trekkfull dør og golvkaldt til tusen...
Kanskje dei hadde ovn,
som ho Olina fylte med ved frå eigen skog,
eller hadde dei rett og slett tre lag med ull
under vadmelsdressen, kamferolje (dersom det er noko som heiter det)
og nystrikka selbuvottar?
I pausen drakk dei sikkert varm saft og nysteikte smultringar,
DET var tider det!!


Enkelte dagar hadde eg sju grader inne og
kaffien vart kald på under 20 sekund,
men julestemning varmar litt det også, på sitt vis!
No er desember over, og då startar eg sjølvsagt det nye året
med nye nyttårsløfter.
I tillegg til å vere ørlite grann meir tolmodig
og organsiert,
skal eg finne fram fotoapparatet igjen.
Dermed vert det kanskje litt meir blogging om FRYD,
fred og fine freistingar
(les: fristelser, på sidemål)


Dermed ønskjer eg deg som eventuelt har funne tilbake hit,
eit Riktig Godt Nytt År!!!
Jannicke

8 kommentarer:

  1. Godt nyttår til deg og. Fine bilder her av vakre Nordfjord. Olden er mitt barndomsparadis der begge bestemorheimane står. Bestemødrene er borte forlengst så det blir ikkje så ofte at turen går frå austlandet til Nordfjord. Men eg var der i sommar som var og då fekk eg sjå butikken og ta med lombrød sørover og så veit eg at eg skal til Olden til sommaren og - gler meg:-))

    janne tove

    SvarSlett
  2. Godt nytt år!
    Ser fram til oppdateringar frå butikken din. Ein særs triveleg liten stad å vere :-)

    SvarSlett
  3. Så kosleg med innlegg på bloggen hos deg igjen:) Eg elsker det første bildet frå butikken din! Herlege pastellar "all over the place":)
    Ha ein fin kveld!
    Klem:)

    SvarSlett
  4. Tusen takk, for koselege kommentarar! Kjekt å vere i gang igjen og veldig triveleg at de kikar innom ;) God natt!

    klem

    SvarSlett
  5. Hei Jannicke. Takk for så hyggelig kommentar på bloggen min:). Eg må berre sende gode ord tilbake og seie at du har ein fin fin butikk. Så mykje fargerikt og fint. Det gledelige er at eg held til i Ålesund og suser forbi Stryn no og da. Så da kan eg få glede av å besøke butikken din og seie hei til deg:)

    SvarSlett
  6. Jannicke, ikke er det bare et nytt år, men snart er det også ett år siden du åpnet opp :-). Tenkt alt du fikk gjort forrige år. Helt utrolig!

    Stor kram!
    Ann-Charlotte

    SvarSlett
  7. Hei hei!!
    Skal følge med vidare her inne :)
    Koselige bilder av den flotte butikken din. Gleda meg til å besøke den igjen :)
    Ha en fin mandag
    Klem

    SvarSlett
  8. Tusen takk for god reklame på FB :) Veldig stas at du liker bildene mine, og det er sjølvsagt heilt iorden at du bruker dei:)
    Ha ein fin kveld!
    Klem:)

    SvarSlett