søndag 28. mars 2010

Vårfint

Dette har vore ei hektisk og morosam veke. No byrjar butikken å ta form, og dei som har svinsa innom fleire gonger legg merke til at det har kjeme mykje nytt innanfor dørene. Eg har pakka ut palle på palle med varer, og papphaugane har vokse seg høge som tårn.
Frå Ib Laursen i Danmark har eg fått tilsendt mykje kjekt i lyse fargar,
skåler og mugger i pastell, kvite hyller, krakkar og lykter. Frå Jabadabado i Sverige har det kjeme både fargerike småleiker, spel og balansesyklar. I tillegg har kassa med Roberts radio endeleg kjeme til Stryn. Desse får de sjå meir til etterkvart :)





I dag har eg vore ute og snusa på våren i Nordfjord. Det luktar våt jord og opp av den kjem både små krokusar og primula no. Ti fantastiske plussgrader verkar som reine Syden etter denne vinteren.
Fortsatt god søndag!
Jannicke

4 kommentarer:

  1. oooh...eg har lyst te Stryn. Eg har den rosa muggen. No står den så fin med rosa tulipaner. Kjempefin. Skulle gjerne hatt den du har i kvitt og! Kor lenge skal du ha opent?
    Klem

    SvarSlett
  2. Hei på deg! GRATULERER med overstått barnedåp, håpar de hadde ein fin dag:)
    Eg har ope til 17 i morgon og tysdag, 15 på onsdag og 14 laurdag. Kjekt dersom du tek deg ein tur :) klem/Jannicke

    SvarSlett
  3. Hei Jannicke!

    Jeg har sittet med en glad følelse i kroppen helt siden jeg kom hjem fra eventyrbutikken din i dag. Så fantastisk bra at du har startet noe sånt i Stryn. Må allikevel innrømme at det var rart å komme inn i en butikk som var som hentet fra drømmene mine, og som var identisk med noe jeg selv kunne tenkt meg å startet i Stryn. Du kom meg i forkjøpet;) Og du fortjener all suksessen du kan få, for du var jammen ei trivelig dame.

    Håper å få tid til å stikke innom deg på lørdag og kanskje kjøpe med en av disse muggene. Jeg klarer ikke slutte å tenke på dem. Men først er det seterliv og tømming av påskeegg på agendaen.

    Smil fra Marthe (som har sittet å lest hele bloggen din i kveld, tihi)

    SvarSlett
  4. Tusen takk, Marthe! Det var kjempekjekt å treffe deg, gler meg til du kjem innom igjen. Vi har mykje å snakke om.. Er også spent på alt det fine du lagar, fotograferer og held på med forøvrig. Ha eit supert seterliv, no skal vi ut å jakte på egg i hagen :))) Vi sjåast / Jannicke

    SvarSlett