mandag 8. mars 2010

På stell



No er sommarlege varer på veg frå Ib Laursen til Stryn. Trur jammen eg klarte å fylle ein heil palle eller to, eg har vore skikkeleg småbekymra for å ha glisne varehyller når dørene opnar... Men etter å ha gjennomgått alle ordrane i dag, ser det ut til at det skal fyllast opp ganske bra. Denne fine tallerkenhylla skal få ny varer på stell. Trur den endar opp med fargerike GreenGate tallerkenar som eg har bestilt i dag. Ib Laursen held seg meir i den duse enden av fargeskalaen, akkurat som Calou sine sommartresko. Desse kjem i kvitt til dame og rosa til småfrøknene. Då er vi klare for rosa sommar på bryggekanten, dersom snøen smeltar...



No skal eg legge meg aleine på hytta med eit nytt blad og sovne før side tre. Har vore på Skaftö i fred og ro i heile dag. Nydeleg... Ein stille og aude flekk på jord. Kosten er viktig for å halde arbeidsmoralen oppe, derfor diska eg opp med lammesteik med rødvinssaus og svensk juleøl til middag, bringebær med fløte til dessert og julekonfekt til kvelds. Smågodisen treng vi ikkje nevne.. Var berre ein ting eg sakna, og for dei som ikkje oppdaga feilen i menyen, RØDVIN! Må hugse på å ha eit lite lager...
I morgon er det besøk på favorittbutikken min som gjeld, hurra! Etterpå må eg kome meg rett heim, berre ein liten svipptur innom matbutikken først, som aldri blir svipp men laaang. Natta..

3 kommentarer:

  1. Jeg er så spent!
    Hilsen Siri

    SvarSlett
  2. Hei, så spennende med masse fine varer. Så gøy å få en drøm oppfyllt!
    Jeg jakter på påskeegg fra Greengate, har du de?
    :)

    SvarSlett
  3. Husker ikke om jeg har bestilt påskeegg, det gikk litt fort i svingene. Håper du finner noen et annet sted. De er kjempesøte. Dessverre har jeg ikke fått varene mine ennå, men gleder meg til å pakke ut prikkete kopper og kanner. Fin søndagskveld til deg :)

    SvarSlett