tirsdag 27. april 2010

Sol i Vest er aller best!

No treng vi sol Vestafjells, ellers vil FRYD vere innramma av stillas fram til solsnu!!

Desse vårlege solskinnsbileta vart knipsa i fjor vår, og snart snart snart kan vi skode utover fjordar og oppover fjell bada i varm vårsol...

Håpar at eg klarer å mane fram nokre solstrålar no. Om ikkje anna fekk eg minna deg og meg på kor usannsynelg flott det er vest om vannskillet, som dei seier på vermeldinga... eller kanskje det var i gamledagar dei sa det...
Ingrid tykte forresten eg var veldig full av rynker på kryss og tvers no, så då er det vel naturleg at ein del ting plutseleg tilhøyrer gamledagar :)
No skal rynkene mine få ei passeleg kort natt å få strekke seg ut på,
så er dei klare til ny bruk i morgon..
Jannicke

6 kommentarer:

  1. Nydelege bilder☺ Gledar meg til slike soldagar igjen☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Heilt enig med deg! Sol i vest er best!:)
    Såg du skal få inn Maileg og i butikken din!
    Er det muleg? Draumebutikken, også i Stryn?;) Heilt supert!
    Håper målinga er i rute og du får opne som planlagt.
    Herlege bilder!:)
    Klem:)

    SvarSlett
  3. Ikkje sant,-VAKKERT!!!! JA, Maileg på veg ilag med mykje anna kjekt! Nydelege kjolar/tunika frå My Cinnamon Girl ligg og ventar på å bli opna, meir klede, Ib Laursen osv... Første strøk på veggen har ved eit mirakel kjeme på innimellom regnbygene :-) Ein dag til utan regn og alt er klart ;) Vi sjåast! Nyt dagen. Klem:)

    SvarSlett
  4. Å så kjekt!!!
    Gleda meg til å besøke deg på butikken :) Skal bli koselig med en kaffi og en prat :)
    HA ei strålande helg, og tusen takk for helsing i bloggen min :)
    Klem

    SvarSlett
  5. Hei, og gratulerer så mykje med nyoppstarta butikk!!! Sjølv om eg er aldri så glad i fagre Stryn, så er eg der ikkje så ofte. Det kan difor bli ei stund til eg får besøkt butikken din! Det eg då lurer på, er om ein kan bestille varer hos deg? Eg har lenge ynskt meg Calou clogs, men ingen her omkring sel slike. Kan du evt. sende til meg??? Sjølvsagt berre om eg betalar "in advance" +frakt.... Det hadde vore utruleg artig...

    Eg har vorte tilhengar av sida di på FB, og likte også bloggen din veldig godt!!!!

    Ørstaklem frå ToveHD

    SvarSlett
  6. Hei Tove! Er det du som skriv "tankar i ein kvardag"? Kjempefin og delikat blogg!! og såå nydelege bilete.. Kjekt at du har oppdaga FRYD. Eg kan sende varer både hit og dit, etterspørselen kan førebels handterast... :)Berre ring meg i morgon, eller send meg ein mail. Mobil 90100821

    klem frå Jannicke :)

    SvarSlett